Eit kort til konfirmanten

For nokre år tilbake måtte vi melde avbud på ein konfirmasjon eg gjerne skulle vore i. Sidan kortet skulle sendast føltes det ekstra upersonlig å velge eit av butikkorta. Det hjalp heller ikkje at utvalet besto av det som såg meir ut som voksne menn enn 15 år gamle konfimanter.

Sjølve invitasjonen vi hadde fått var veldig rørande med bilete av både konfirmanten sjølv og søstrene hans. Så, eg ønska å hedre det med å lage eit personlig kort tilbake.

Teiknehobbyen gav mersmak og etterkvart lurte fleire på om dei kunne bestille eit kort. Det var ordentlig stas! Så for å takke for tilliten og forsvare timetallet på å lage eit lite kort begynte eg å lage plakatversjoner av korta.

Plakat + Kort er fortsatt eit favorittkombo og eg håper du vil vurdere den neste gong du skal gi gåve til nokon du er ekstra glad i <3